Blir sjuke av jobben

 

Jobben som pedagogisk leiar i barnehage er meiningsfull, fortel Tonje Akselberg, men kan også vera emosjonelt belastande. Foto: Klassekampen / Martin Årseth

Blir sjuke av jobben

Høge emosjonelle krav ser ut til å påverka risikoen for langtidssykefråvær og psykiske plager, viser ein gjennomgang av nordisk forsking. Barnehagepedagog Tonje Akselberg er glad tematikken får meir merksemd, skriv Klassekampen.

Publisert: 15. juni 2023

Av Anne Kari Hinna

Les saka på Klassekampen på nett (bak betalingsmur)

Ein pappa er på veg inn med 1–2-åring på armen. Ein annan forelder er på veg ut. Himmelen er blå over Kronstad oppveksttun barnehage i Bergen. Og i det foreldre iler vidare, er det pedagogisk leiar Tonje Akselberg og kollegaene hennar som har ansvaret for dei små menneska. Snart skal dei ut på tur i sola.

Alle dagar er ikkje godvêrsdagar.

– Livet skjer jo i barnehagen, seier Akselberg.

Jobben som pedagogisk leiar i ein barnehage kan vera emosjonelt belastande.

– Me er jo menneske som jobbar med veldig mange menneske. Det er barn, foreldre, faste tilsette, vikarar. Men blir me stressa, så blir ungane stressa, seier ho.

At tida ikkje strekk til og går ut over det arbeidet ein ønsker å gjera, kan kjennast vondt.

– Eg har komme heim og tenkt på barn som ikkje hadde dagen heilt, og som hadde meir behov for meg enn det var tid til. Det er inga god kjensle, seier ho.

At ein klarer å skru av når ein kjem heim frå jobb, er ikkje gitt.

– Det hender at det surrar når ein skal legga seg. Dette er eit både fysisk og psykisk krevjande yrke. Det psykiske set seg i kroppen på ein annan måte, seier ho.

– Har du sjølv kjent den emosjonelle belastninga på kroppen?

– Ja, eg har hatt periodar der eg har kjent på det. Særleg då eg sjølv hadde små ungar. Då blei eg meir sjuk. Både med omgangssjuke og den type ting, men også ting som sat seg i nakke og hovudet.

Vil hindra sjukefråvær

Forskarar ved SINTEF har på oppdrag for Unio sett i gang eit forskingsprosjekt om emosjonelle krav og emosjonell belastning. I det ferske notatet «Emosjonelle krav og belastninger i yrker som jobber for og med menneske» samanfattar dei nordisk forsking på temaet. Over åtti forskingsartiklar frå dei siste ti åra er gjennomgått.

Funna viser at høge emosjonelle krav ser ut til å påverka risikoen for langtidssykefråvær, utbrentheit og psykiske plager.

Funna gir også gode indikasjonar på at emosjonelle krav er ein av dei viktigaste faktorane som forklarer den auka risikoen for sjukefråvær for dei som jobbar innanfor helse- og omsorgsyrke samanlikna med andre yrker.

– Det er ikkje slik at emosjonelle krav i seg sjølv gir negativ effekt på helse, men det er graden av det og handteringa av det som avgjer om det blir helseeffekt, seier SINTEF-forskar Mette Pettersen Buvik.

– Eit godt psykososialt arbeidsmiljø kan vega opp, seier ho.

I dag lanserer Unio ei ny nettside om tematikken. Unio ønsker å bidra til ei meir systematisk tilnærming til emosjonell belastning. Ved SINTEF er dei også i gang med ein kvalitativ intervjustudie blant sjukepleiarar, politi, barnehagelærarar, fysioterapeutar og lærarar, og utover hausten skal dei gjennomføra ei større spørjeundersøking.

– Målet for oss er at dette skal bidra til betre arbeidshelse og å få ned langtidssjukeværet, seier Unio-leiar Ragnhild Lied og held fram.

– Får du ned langtidssjukeværet, får du også fleire til å stå i jobb lengre.
Dei ønsker også å styrka arbeidsmiljølova.

– Emosjonell belastning er ikkje nemnt i arbeidsmiljølova. Bygningsarbeidarar må ha hjelm på hovudet og stål i skoa, og i desse yrka er dei så flinke å sjå nye farar. Men i dei yrka ein jobbar for og med menneske, så har det nesten ikkje vore lov og seia at det ligg belastningar i det, seier Lied.

Tærer over tid

Lied har sjølv bakgrunn som lærar på vidaregåande skule. Både møte med elevar og foreldre kan vera emosjonelt krevjande.

– Det kan vera elevar som har emosjonelle reaksjonar som det kan vera vanskeleg å møta. Eller foreldre som ringer om sterke opplevingar knytt til barna, gjerne seint på ein laurdagskveld. Det er mykje som grip deg som menneske. Det er slitsamt og tærer på deg over tid, seier ho.

Lied trekk også fram eit eksempel som ho fekk frå ein brannmann. Han fortalde at medan han som brannmann hadde gode rutinar for debrifing etter vanskelege situasjonar, kom kona som var sjukepleiar heim frå vakt utan å ha snakka gjennom krevjande forhold knytt til pasientar.

– Ho tok det med seg heim, og fekk ikkje sova, gjenfortel Lied.

– Fordi brannmannskapet hadde sett det i system, klarer dei å handtera det på ein god måte.

Må snakka meir

Tonje Akselberg har sett fleire kollegaer i barnehagar slutta og gå ut av yrket. Nokre av dei er emosjonelt slitne, trur ho. Tid til å snakka om presset i arbeidskvardagen, trur ho er viktig.

– Me er veldig flinke til å snakka med barn om kjensler, men me vaksne må også bli flinkare til å snakka saman om kjensler og ikkje bretta over ting, seier Akselberg, som er glad for at tematikken kjem høgare på dagsordenen.

– På mange arbeidsplassar kjem det fysioterapeutar rundt og ser på sittestilling og ergonomiske utfordringar, burde ein sendt rundt psykologar?

– Ja, det trur eg hadde vore kjempenyttig.

Ho har sjølv trøysta andre, som har kjent på at dei ikkje strekte til.